Boris Spasskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Boris Spassky)
Boris Spasskij


Fødenamn Борис Васильевич Спасский
Statsborgarskap Sovjetunionen, Frankrike, Russland
Fødd 30. januar 1937 (87 år)
St. Petersburg
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1962, Sjakk-OL 1964, Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1970, Sjakk-OL 1974, Sjakk-OL 1978, Sjakk-OL 1984, Sjakk-OL 1986, Sjakk-OL 1988

Utmerkingar

Sjakk-Oscar, world chess champion, Sjakk-Oscar, Ærestegnets orden, «Arbeidets helt«-medaljen, Idrettens mester i Sovjetunionen, Æresdiplom fra Russlands president

Boris Spasskij held ei simultanoppvising i 1989

Boris Vasiljevitsj Spasskij (fødd 30. januar 1937) er ein opphavleg russisk og no fransk sjakkspelar, verdsmeister i sjakk frå 1969 til 1972.

Spasskij var fødd i Leningrad (no St. Petersburg). Han representerte Sovjetunionen fram til 1975, då han flytta til Frankrike. Han er i dag fransk statsborgar. Han vann VM-tittelen ved å slå Tigran Petrosjan i ein VM-kamp i 1969. Spasskij tapte den neste VM-kampen i 1972, da han vart slått av amerikanaren Bobby Fischer i Reykjavík.

Sjakk-karriere[endre | endre wikiteksten]

Boris Spasskij vart junior-verdsmeister i sjakk i 1955. Same året blei han stormeister i sjakk, som den yngste til då. I 1956 delte han førsteplassen i Sovjetmeisterskapen i sjakk, noko han også gjorde i 1963, og han vann åleine i 1961 og 1973.

Sju gongar kvalifiserte han seg for kandidatturneringa til VM i sjakk, i 1956, 1965, 1968, 1974, 1977, 1980 og 1985. Han vann kandidatturneringa i 1965, og kvalifiserte seg til VM-kamp mot Tigran Petrosjan i 1966, men tapte denne. Ved neste høve gjekk det betre, han vann også kandidaturneringa i 1968, og deretter i 1969 VM-kampen mot Petrosjan.

Boris Spasskij vart tildelt Sjakk-Oscar for åra 1968 og 1969.

Tre år etter måtte Spasskij likevel gje frå seg VM-tittelen, etter at han tapte VM-kampen i Reykjavik mot Bobby Fischer i 1972.

For meir om dette emnet, sjå Verdsmeisterskapen i sjakk i 1972.

Berømte sjakkparti[endre | endre wikiteksten]

  • [1] Spasskij-David Bronstein, Sovjetmeisterskapen 1960, Kongegambit, 1-0, 23 trekk - Spasskij slår VM-finalisten i 1951 med kongegambit
  • [2] Spasskij-Tigran Petrosjan, VM 1969, det 19. partiet, Siciliansk, Najdorf-varianten, 1-0, 24 trekk - med siger i dette partiet går Spasskij opp i leiinga med 10,5-8,5 i VM
  • [3] Bent Larsen-Spasskij, Resten av verda mot Sovjetunionen, Beograd 1970, første runde, 17 trekk - Spasskij utnyttar Larsen sitt svake opningsspel med spektakulære trekk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]