Borkkryparar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Borkkryparar


Kvitbrynborkkrypar, Climacteris affinisFoto: Ron Knight
Kvitbrynborkkrypar, Climacteris affinis
Foto: Ron Knight

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Climacteridae
Slekter

Borkkryparar, eller australtrekryparar, er sju fugleartar i den biologiske familien Climacteridae. Dei er middels små, for det meste brune fuglar med mønster på undersida. Papuaborkkrypar lever på Ny-Guinea, alle andre er endemiske til Australia. Dei liknar, men er ikkje nærskylte til holarktiske trekryparar.

Brunborkkrypar, Climacteris picumnus
Foto: Wikimedia-brukar fir0002
Kvitstrupeborkkrypar, Cormobates leucophaea
Foto: Flickr-brukar Patrick_K59

Som namnet ymtar om, beitar trekryparar insekt og andre smådyr som lever på og under borken på tre, for det meste eukalyptus. Tre av artane kan dessutan søkje føde på bakken, gjennom nedfallsblad, og på nedfalle tømmer. I motsetnad til trekryparar brukar dei berre føtene, og ikkje halen for støtte ved klatring på trestammar.

Borkkryparar hekkar i hòl i tre. Artane i familien dannar hekketerritorium, dei vernar om territoriet i varierande grad. Einskilde artar, som raudbrynborkkrypar og brunborkkrypar hekkar kooperativt, andre, som kvitstrupeborkkrypar gjer det ikkje. Dei kooperative hekkarane kan anten hekke aleine som par, danne grupper av fleire par eller eit enkelt hekkande par kan samarbeide med opp til tre hjelparar, vanlegvis er dette ungar frå førre kull. Hjelparar medverkar til bygging av reiret, fôring av rugande hofuglar og omsut for ungar.

Familien er ein av fleire familiar som er identifisert etter studiar med DNA-DNA hybridisering. Det er noko molekylær støtte for å meine at dei næraste slektningane deira er dei store lyrehalar.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Borkkryparar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Cormobates

Slekt Climacteris

  • Kvitbrynborkkrypar, Climacteris affinis, White-browed Treecreeper, LC, Blyth, 1864
  • Raudbrynborkkrypar, Climacteris erythrops, Red-browed Treecreeper, LC, Gould, 1841
  • Brunborkkrypar, Climacteris picumnus, Brown Treecreeper, LC, Temminck & Laugier, 1824
  • Sotborkkrypar, Climacteris melanurus, Black-tailed Treecreeper, LC, Gould, 1843
  • Kanelborkkrypar, Climacteris rufus, Rufous Treecreeper, LC, Gould, 1841

Andre liknande fuglar

Ikkje-nærskylte fuglar som liknar borkkryparar i utsjånad og eller levevis er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på «Australasian treecreeper» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2010, og gav følgjande referansar:
    • Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., ed (2007). Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 978-84-96553-42-2. 
    • Noske, N.A. (1991). A Demographic Comparison of Cooperatively Breeding and Noncooperative Treecreepers (Climacteridae). Emu 91 (2) 73 - 86
    • Sibley, C.G.; Schodde, R. & J.E. Ahlquist (1984) The relationship of the Australo-Papuan Treecreepers Climacteridae as indicated by DNA-DNA hybridizatio. Emu 84 (4): 236 - 241
    • Christidis, L.; Norman, J.; Scott, I. & M Westerman (1996) Molecular Perspectives on the Phylogenetic Affinities of Lyrebirds (Menuridae) and Treecreepers (Climacteridae). Australian Journal of Zoology 44 (3) 215 - 222

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]