Borlänge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°′29″N 15°27′00″E

Borlänges byvåpen
Borlänge, Sveatorget.
Borlänge på byrjinga av 1900-talet.

Borlänge er ein svensk by og centralort i Borlänge kommun i Dalarnas län i landskapet Dalarna. I 2005 hadde byen 39 422 innbyggjarar.

Historisk busetnad[endre | endre wikiteksten]

Borlänge by kan seiast å ha utvikla seg ut ifrå tre busetnadskjerner rundt Borlänge stasjon, Domnarvets Jernverk og Kvarnsvedens pappersbruk ved elva 3 km nord for jernverket. Store Kopparbergs Bergslag organiserte den bruksgata i Hushagen som enno finst verna med både småhus og bustadskaserner. Bergslagsbyn bygd i 1915-20 vart forma som ein mønsterbydel med arbeid- og tenstemannsbustader teikna av arkitekten Osvald Almqvist. Blant arkitektonisk interessante industribygg i Borlänge kan kraftverka ved Bullerforsen (arkitekt Klas Boman, 1910) og Forshuvudforsen (arkitekt Osvald Almqvist, 1921) nemnast. Borganäsvägen, som i dag er sentral gågate, kom til å bli det sameinande gatestrøket mellom stasjonssamfunnet Borlänge og Domnarvets Jernverk.

Borlänge fekk derimot aldri nokre samla, regelmessig byplan, og i dag er busetnaden splitta i blokk mellom dei nedsøkkte store trafikkåra. Jernbanestasjonen blei flytta og senka 1966, og i samband med det blei det ført opp ein ny stasjon vest for sentrum. Gamla Stationsgatan har endå halde karakteren sin som hovudgate. Eit administrasjonssentrum med rådhus og eit stort hus til folket er oppført på den nordre sidan av jarnbana si sportrase. Hagakyrkan i Borlänge blei oppført 1936 etter teikningar av John Åkerlund og bygd saman med rådhuset.

Ljungberg Hall var opphavleg ein utstillingshall for verdsutstillinga Allmänna konst- och industriutställningen i Stockholm i 1897. Arkitekt Ferdinand Boberg og ingeniør Fritz Söberg konstruerte hallen som bidrag til svenske innovasjonar i teknologi og maskiner. Hallen er føreslått verna av World Monuments Fund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]