Borovsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Borovsk
Боровск
Byvåpenet til Borovsk
Byvåpenet til Borovsk


Plassering
Borovsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kaluga oblast
Grunnlagd
Bystatus
1300-talet
1358
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

11 762
Koordinatar 55°12′″N 36°29′″EKoordinatar: 55°12′″N 36°29′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer 249010
Retningsnummer (tlf) +7

Borovsk (russisk Боровск) er ein by i Kaluga oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Protva, rundt 80 km nord for Kaluga og 100 km sørvest for Moskva.

Borovsk vart første gong nemnt på 1200-talet, som ein del av Fyrstedømet Rjazan. På 1300-talet var han eigd av Vladimir av Serpukhov, men hamna under Storfyrstedømet Moskva då barnebarnet hans Maria av Borovsk gifta seg med Vasilij II.

I 1444 vart det kjende Pafnutievklosteret grunnlagd nær Borovsk. Dei sterke murane, tårna og den massive katedralen i klosteret har overlevd sidan Boris Godunov sitt styre. To kjende gammaltruande, erkeprest Avvakum Petrovitsj og bojarynja Feodosija Morozova, vart gravlagd ved dette klosteret på andre halvdel av 1600-talet.

Av fortidsminne i Borovsk er den eldste trekyrkja i regionen og eit museum til Konstantin Tsiolkovskij, som budde og arbeidde her som lærar frå 1880–1891. Borovsk er nyleg vore kjend for måla fasadar på bygningane i sentrum, eit resultat av eit arbeid frå ein lokal målar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.