Bose–Einstein-statistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bose–Einstein-statistikk er ei statistisk skildring av eit system av like partiklar, der det er føresedd at partiklane ikkje kan skjelnast frå kvarandre, og der det kan vere ei uavgrensa mengd partiklar i kvar kvantetilstand, i motsetnad til Fermi–Dirac-statistikk, der det berre kan vere éin partikkel i kvar kvantetilstand. Partiklar som følgjer Bose–Einstein-statistikk vert kalla bosonar. Dei er kjenneteikna ved at dei har spinn null eller heiltalig spinnkvantetal. Teorien vart først utvikla i 1924 av den indiske fysikaren Satyendra Nath Bose for foton, og like etter generalisert av Albert Einstein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bose–Einstein-statistikk