Bosna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bosna
elv
Bosna sitt utspring nær Sarajevo
Land  Bosnia-Hercegovina
Renn gjennom Visoko, Zenica og Doboj.
Lengd 271 km
Kjelde Vrelo Bosne nær fjellet Igman
Munning Sava
Kart
Bosna
43°49′07″N 18°16′12″E / 43.8185°N 18.269972222222°E / 43.8185; 18.269972222222
Wikimedia Commons: Bosna River

Bosna (bosnisk kyrillisk: Босна) er den tredje lengste elva i Bosnia-Hercegovina, og vert rekna for ein av dei tre store, indre elvene i landet, i lag med Neretva og Vrbas. Dei tre andre store elvene som renn innom Bosnia-Hercegovina er Una i nordvest, Sava i nord og Drina i aust. Bosna har ei lengd på 271 km, og namnet har ikkje utanlandske variasjonar. På romarrtida var ho kalla Bosona, og ein meiner at dette er det illyriske opphavet til namnet Bosna.

Elveleie[endre | endre wikiteksten]

Bosna går gjennom Bosnadalen, det industrielle senteret i byen med nærare ein million menneske, i tillegg til fleire store byar. Dei største sideelvane til Bosna er Željeznica, Miljacka, Fojnica, Lašva, Gostović, Krivaja, Usora og Spreča.

Ho har sitt utspring ved Vrelo Bosne ved foten av fjellet Igman utanfor Sarajevo. Kjelda er eit av Bosnia-Hercegovina sine naturlege landemerker og turistattraksjonar. Frå her renn Bosna nordover, gjennom hjartet av regionen Bosnia, før ho munnar ut i elva Sava

Sjølv om elva ikkje renn innom andre land, renn Bosna gjennom mange kommunar og regionar i Bosnia. Frå kjelda ved Sarajevo kommune renn ho gjennom Zenica-Doboj kommune, regionen Doboj og Posavina kommune.

På veg nordover renn Bosna gjennom byane Visoko, Zenica og Doboj.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]