Bosnisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bosnisk
(bosanski)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Slavisk
  Sørslavisk
   Sørvestslavisk
    Bosnisk
Bruk
Tala i: Bosnia-Hercegovina, Serbia, Montenegro, Kroatia, Slovenia, Makedonia, Kosovo, Albania, Tyrkia
Bosnisktalande i alt: 4 000 000[1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina

Flag of Montenegro.svg Montenegro

Språkkodar
ISO 639-1: bs
ISO 639-2: bos
ISO 639-3: bos
Wikipedia på bosnisk

Bosnisk er eit sørslavisk språk tala i Bosnia-Hercegovina, der det er offisielt språk, og av utvandra bosnjakar. Det blei offisielt skild ut frå serbokroatisk på midten av 1990-talet. Språka som i dag er kjend som serbisk, kroatisk og montenegrinsk er gjensidig forståelege med bosnisk, men det finst forskjellar. Mellom anna kan nemnast færre ulike språklydar og fleire lånord frå tyrkisk, persisk og arabisk.

Bosnisk har tjuefem konsonantar og fem vokalar som kan vera lange eller korte. Det er eit tonespråk som kan ha stigande eller fallande tone på den trykksterke stavinga i eit ord. Det er eit SVO-språk, det vil seie at den vanlege setningsstrukturen har rekkjefølgja subjekt, verbal og objekt.

Substantiv har tre kjønn (hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn) og blir bøygde i eintal og fleirtal. Språket har sju kasus: Nominativ, akkusativ, genitiv, lokativ, dativ, vokativ og instrumentalis. Adjektiv blir bøygde i høve til kjønn, tal og kasuset til substantivet dei tilhøyrer medan hovudverb og partisipp blir bøygde i høve til subjektet i setnngen i høve til kjønn, tal og person. Bøyingane i lokativ og dativ er i dag tilnærma like og få substantiv har dativform.

Av dei tre sørslaviske dialektgruppene tilhøyrer bosnisk sjtokavisk, og inann denne er ijekaviske dialektar utbreidde i Bosnia-Hercegovina. Denne siste typen dialektar dannar utgangspunkt for skriftspråket, som i kroatisk (men ikkje serbisk).

Sidan 1700-talet har ein skrive bosnisk med latinske bokstavar. Før dette brukte ein ei bosnisk form for kyrillisk, bosančica, som først er kjend frå 1000-talet. Dei aller eldste innskriftene, frå 900- og 1000-talet, brukte det eldgamle slaviske glagolittiske alfabetet. Elles har bosnjakisk adel brukt skriftsystemet begovica og arabisk skrift tilpassa slavisk, arebica, under ottomansk påverknad.

Bosnisk skriftspråk blei først normert då området kom under austerriksk-ungarsk i 1878, og den første bosniske grammatikken kom ut i 1890. Omgrepet «serbokroatisk» blei brukt av austerrikarane frå 1907. Under kongedømet Jugoslavia i mellomkrigstida blei den serbokroatiske skriftnorma innført i Bosnia-Hercegovina, noko som fortsette i Jugoslavia under Tito. Etter at Jugoslavia braut saman byrja ein dyrka dei ulike språka att. Den første bosniske ordboka kom ut i 1996 og ein ny bosnisk grammatikk kom ut i 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue, 2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.