Bosnisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bosnia and Herzegovina topographic map.svg
Kart over Bosnia-Herzegovina

Bosnia-Hercegovina er eit land vest på Balkan og grensar til Kroatia i nord og sørvest, Serbia i aust og Montenegro i søraust. Landet har stort sett fjellandskap og ligg sentralt i Dei dinariske Alpane. Den nordaustlege delen av landet strekkjer seg inn i sørlege område av Den pannoniske sletta, medan sørlege delar av landet grensar til Adriatarhavet. Landet har berre 20 km kystlinje rundt byen i Neum i Hercegovina-Neretva kommune, men er innelåst mellom kroatiske landområde og territorialfarvatn. Neum har mange hotell og er ein viktig turiststad.

Geografiske koordinatar: 44° N 18° E

Namnet på landet kjem frå dei to regionane Bosnia og Hercegovina, som aldri har hatt noko definert grense mellom seg. Bosnia utgjer den nordlege delen av landet (om lag 80 %), medan Hercegovina utgjer den sørlege middelhavsregionen.

Store byar er hovudstaden Sarajevo, Banja Luka i den nordvestlege regionen kalla Bosanska Krajina, Bijeljina og Tuzla i nordaust, Zenica sentralt i Bosnia, og Mostar, som er hovudstad i Hercegovina.

Den sørlege delen av Bosnia har middelhavsklima og ein god del jordbruk. Sentrale delar av Bosnia er kupert med fjell som Vlasic, Cvrsnica og Prenj. Austlege delar av Bosnia består òg av fjell som Trebevic, Jahorina, Igman, Bjelasnica og Treskavica. Det var i desse fjella dei olympiske leikane vart halde i 1984.

Austlege delar av Bosnia er skogkledd langs elva Drina, og nær 50 % av Bosnia og Hercegovina er dekt av skog. Dei største skogane finn ein sentralt og i austleg og vestlege delar av Bosnia. Nordlege område av Bosnia har svært grøderike jordbruksområde langs elva Sava. Dette området med dyrka jord strekkjer seg òg inn i nabolanda Kroatia og Serbia. Langs elva Sava ligg byane Brcko, Bosanski Samac, Bosanski Brod og Bosanska Gradiska.

Den nordvestlege delen av Bosnia vert kalla Bosanska Krajina, og her ligg byane Banja Luka, Sanski Most, Cazin, Velika Kladisa og Bihać. Kozara nasjonalpark ligg òg i dette skogkledde området.

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Det er sju store elvar i Bosnia-Hercegovina:

  • Una i nordvestlege delar av Bosnia renn nordover og vestover langs grensa til Kroatia, og gjennom den bosniske byen Bihac. Det er ei svært vakker elv og ein populær stad for elverafting og ekstremsport.
  • Sana renn gjennom byen Sanski Most og er ei av sideelvane til Sava i nord.
  • Vrbas renn gjennom byane Gornji Vakuf - Uskoplje, Bugojno, Jajce og Banja Luka, og munnar ut i Sava i nord. Vrbas renn gjennom sentrale delar av Bosnia mot nord.
  • Bosna er den lengste elva innanfor Bosnia og har både utspring og munning innanfor landet. Ho strekkjer seg frå kjelda nær Sarajevo til elva Sava i nord.
  • Drina renn gjennom austlege delar av Bosnia og fleire stader dannar ho grensa mellom Bosnia og Serbia. Drina renn gjennom byane Foca, Gorazde og Visegrad.
  • Neretva er ei stor elv sentralt og sør i Bosnia-Hercegovina, og ho renn frå Jablanica og sørover til Adriatarhavet. Ho er kjend som elva som renn gjennom Mostar, og under brua Stari most.
  • Sava er den lengste av elvene som er innom Bosnia-Hercegovina, men ikkje den lengste elva i sjølve landet. Sava renn gjennom Serbia, Bosnia-Hercegovina og Kroatia. Ho dannar den naturlege grensa mellom Bosnia-Hercegovina og Kroatia, og renn gjennom byar som Brcko, Bosanski Samac og Bosanska Gradiska.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Dei vestlege områda av Balkan er eit døme på at klimaet kan vere svært skiftande innanfor same området, og vêrforholda kan endre seg mykje på eit kort stykke frå kysten til næraste fjelltopp, eller frå dal til dal. Dei dinariske Alpane går langs kysten av Adriatarhavet og nordover langs grensa mellom Kroatia og Bosnia-Hercegovina. Lågtrykk i Middelhavet pøser mild og fuktig luft inn mot denne fjellrekkja om vinteren, og vestsida er eit av dei våtaste områda av Europa. Enkelte stader langs vestsida av Dei dinariske Alpane kan få 4 000 mm i løpet av eit år, medan kystbyane berre får om lag 1 000 mm. Området har derimot fleire periodar med finvêr innimellom enn t.d. Vestlandet i Noreg har. Den kalde boravinden kan derimot gje ein god del vind i området. Det byrjar å bli varmare på kysten om våren, men det vert ikkje særleg tørrare før i juni. Midtsommars er det stort sett berre sol, og dei indre områda kan få svært høge temperaturar. Mostar, ved elva Neretva, er ein av dei varmaste byane i Europa. Ein lett nordleg bris (kalla maestro) kjøler derimot ned kystområda. Ein har torevêr om lag ein gong i veka fram til oktober, då regnet byrjar å ta seg kraftig opp att. Sarajevo har ein årleg nedbørsnormal på 932 mm.

Dei lågareliggande områda i nord har eit klima som er meir likt Sentral-Europa. Nedbørsmengdene minkar mot aust, og vinteren er skya, sjølv i dei tørraste områda. Vind frå sør kan strøyme nordover, og fønvind kan gje temperaturar over 10 °C, eller kald luft (kalla kosavavind) frå Karpatane kan strøyme sørover. Fjella i vest vernar desse områda frå den kjøligare havlufta, så temperaturane om sommaren kan bli svært høge.

Diverse fakta[endre | endre wikiteksten]

Areal:
totalt: 51 129 km²
land: 51 129 km²
vatn: 0 km²

Landegrenser:
totalt: 1 459 km
grenseland: Kroatia 932 km, Serbia 312 km, Montenegro 215 km

Kystlinje: 23 km

Maritime krav: Ingen


Terreng: fjell og dalar

Høgder:
lågaste punkt: Adriatarhavet 0 m
høgaste punkt: Maglic 2 386 m

Naturressursar: kol, jern, bauksitt, mangan, skog, kopar, krom, bly, sink, vasskraft

Arealbruk:
oppdyrka jord: 14 %
permanente avlingar: 5 %
permanente beite: 20 %
skogområde: 39 %
andre: 22% (1993 estimat)

Irrigert land: 20 km² (1993 estimat)

Naturfarar: øydeleggjande jordskjelv

Miljøproblem: Luftforureining frå metallurgiske fabrikkar. Ein har avgrensa område for å kvitte seg med urbant avfall. Omfattande dødsfall, vassmangel og øydelagd infrastruktur som følgje av krisa i 1992-1995.

Miljøavtalar:
delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforrureining, havrett, tømming av avfall til sjøs, bevaring av marint liv, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]