Boson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Boson (og fermion) er to forskjellige grupper partiklar innan kvantemekanikken.

Boson er partikler der mangepartikkelbølgjefunksjonen er symmetrisk ved ombytte av to partikler. Denne eigeneskapen vert kalla Bose-Einstein statistikk. Spinn-statistikk teoremet seier at boson har heiltalig spinn, og dette er trudd å gjelde utan unntak i tre dimensjonar. (Unntak finst i to dimensjonar, sjå anyon.) Mange typar partikler er boson, til dømes elementærpartiklar slik som foton, sammansette partikler slik som som heliumisotopen {}_2^4He og kvasipartiklar slik som fonon.

Boson er kalla opp etter fysikaren Satyendra Nath Bose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]