Boston i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Boston

Boston Stump sett frå elva
Boston Stump sett frå elva
Plassering
Boston i England is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Lincolnshire
Distrikt Boston
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

58 124
Koordinatar 52°58′″N 0°1′″WKoordinatar: 52°58′″N 0°1′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer PE21
Telefon-retningsnummer 0 1205
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Boston i England

Boston er ein by i grevskapet Lincolnshire i det vestlege England. Han er hovudby i distriktet Boston, og har 55 750 innbyggjarar (2001).

Namnet er ei samantrekning av St. Botolph's Town. Han fekk byrettar i 1545, og er den første av fleire byar med dette namnet.

Eit viktig landemerke er soknekyrkja kjent som The Stump, som har det høgaste tårnet av soknekyrkjene i England. Det er synleg fleire kilometer unna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den eldste busetnaden ein kjenner til vart visstnok oppretta i 654, då ein saksisk munk ved namn Botolph grunnla eit kloster ved elva Witham. Ein del historikarar tvilar på dette, og meiner at byen har ein annan bakgrunn.

Byen er ikkje nemnd i Domesday Book (1086), men landsbyen Skirbeck er nemnd der. Skirbeck har lenge vore ein del av Boston, og namnet eksisterer no berre som eit kyrkjeleg sokn.

I løpet av 1000- og 1100-talet voks Boston, og i mellomalderen vart han ei viktig hamn for handelen med kontinentet. Det var særleg ull som vart skipa ut, og lokalt seier ein ofte at Boston vart «bygd på ull». Andre eksportvarer var salt, korn og bly. På 1400-talet gjekk det nedover med ullhandelen, og industrien flytta til andre delar av landet. Dermed forsvann òg ein viktig del av grunnlaget for rikdomen i byen.

1200- og 1300-talet kom munker frå fire ordenar til Boston; dominikanarar, fransiskanarar, karmelittar og augustinarar. Klostera deira vart oppløyste under Henrik VIII. Spisesalen frå eit av dei vart i 1965 gjort om til eit teater, og vert no kalla Blackfriars Arts Centre.

Henrik VIII gav byen eit charter i 1545, og frå 1552 valte Boston to representantar til parlamentet.

I 1607 forsøkte ein gruppe pilegrimer leia av William Brewster og William Bradford å reise frå Boston til Nederland. Det var på den tida forbode å emigrere, og dei vart arresterte og fengsla i Laugshallen. Dei fleste av dei slapp fri året etter, og la ut mot Nederland, der dei busette seg i Leiden. Dei vart etter kvart uroa over moralen i Nederland, og reiste med skipet «Mayflower» mot Amerika. I 1620 steig dei i land ved Plymouth Rock. Gruppen er blitt kjent som pilegrimsfedrane.

Boston var lenge kjent for religiøse konfliktar. I 1612 vart John Cotton sokneprest i The Stump. Han var kjent for usemja si med mykje av læra til Den engelske kyrkja, men trekte mange menneske til kyrkja. Han oppfordra dei som ikkje likte det religiøse klimaet i England til å slutte seg til Massachusetts Bay Company, og var seinare med på å grunnlegge byen Boston i Massachusetts etter at han sjølv emigrerte i 1633.

Mot slutten av det 1700-talet vart myrområda rundt byen drenert, og kunne dyrkast opp. Boston kunne dermed byrje å selje korn til London. Den første banken vart opna i 1774, og i 1776 tillet parlamentet opprettinga av ein vektarstyrke som patruljerte i gatene på natta.

Byen vart igjen ei viktig hamn på 1700-talet, etter at jernbanen kom dit i 1848. Eit nytt hamneanlegg vart konstruert i 1884. Boston hadde ein viktig jernbaneterminal inntil 1960-åra, då byen vart råka av nedskjeringar.

1900-talet fortsette byen som ei viktig hamn, spesielt for eksport av korn, gjødsel og tømmer. Den første kinoen opna i 1910. I 1919 vart Central Park, som er ein sentralt stad i bybiletet, anlagt. Byen fekk elektrisitet tidleg i hundreåret, og frå 1924 vart elektriske gatelys installert.

Boston har hatt stor tilflytting sidan slutten av 1900-taket, særleg frå Aust-Europa og Portugal. Det har oppstått ein spent situasjon mellom forskjellige folkegrupper, som under EM i fotball 2004 førte til opptøyar i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]