Bostonmassakren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For terroråtaket i 2013, sjå Boston maraton-bombinga.
Framstilling av Bostonmassakren frå 1770 av Paul Revere.

Bostonmassakren vart utført i Boston i Massachusetts om kvelden 5. mars 1770. Bakgrunnen var den spende stoda mellom innbyggarane i Boston og dei britiske soldatane i området.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnen for denne spende stoda var motstanden mot Townshend-lovene som vart innførte i 1768. Folk i Boston protesterte mot desse, og meinte desse lovene var brot mot deira medfødde rettar. Motstanden var så hard at den britiske krona sende fire kompani med soldatar til Boston det neste året. Mot slutten av februar 1770 vart ein ellve år gamal gut drepen av ein britisk soldat, noko som førte til fortetta spenning.

Hending[endre | endre wikiteksten]

Hendinga vart alvorleg av di lokale folk tok til å hetse ein skiltvakt frå den britiske forlegningen i nærleiken, og truga han med køller og snøballar. Forsterkingar vart snart sende inn, eit kompani under leiing av offiseren Thomas Preston. Han gav bod om at soldatane ikkje skulle opne eld mot mengda, men folkemengda var oppøst, og terga soldatane til ein av dei skaut utan varsel. Skotsalven som følgde tok livet av fem menneske, fire av dei på staden, og ein som døydde etter nokre timar.

Rettssaka etter hendinga vart halden i Boston, og her kom det fram at soldatane var truga og skremde til å skyte. Forsvararen, seinare president John Adams, fekk Preston og dei fleste soldatane hans frikjende av di dei ikkje hadde byrja konflikten, medan to soldatar vart dømde for uaktsamt drap. Aktor i saka var Robert Treat Paine. Preston reiste snart etter attende til England. Både Paine og Adams vart seinare valde ut til å tala for Massachusetts i dei amerikanske nasjonalkongressane.

Saka gav Adams omdøme som ein særs dyktig og sjølvstendig advokat. Hendinga i Boston utløyste på mange vis den amerikanske sjølvstendekrigen, og er mint i Boston kvart år den 5. mars.