Bosut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bosut
Bosut - Rokovci-Andrijasevci 4.jpg
Utspring Som Biđ på sørsida av fjellet Dilj
Munning Sava
Land i nedslagsfelt Flag of Croatia.svg Kroatia, Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 186 km
Nedslagsfelt 3 097 km²

Bosut (serbisk kyrillisk: Босут) er ei elv aust i Kroatia og nordvest i Serbia og ei av sideelvane til Sava frå venstre. Ho har ei lengd på 186 km.

Kroatia[endre | endre wikiteksten]

Bosut har sit utspring som Biđ (eller Bič) sentralt i Slavonia-området på sørsida av fjellet Dilj og nordvest for byen Slavonski Brod. Ho renn stort sett nordaustover. Etter ho har passert landsbyen Cerna, møter ho elva Berava frå sør, og frå dette punktet vert ho kalla Bosut. Elva renn så nordover gjennom Syrmia og mellom anna gjennom den største byen langs elveleiet, Vinkovci. Frå her held elva vidare fram søraustover. Etter 158 km gjennom Kroatia kryssar ho grensa til Serbia.

Serbia[endre | endre wikiteksten]

Bosut går inn i Serbia ved landsbyen Batrovci og renn gjennom den sørvestleg delen av provinsen Vojvodina. Den største sideelva ho møter i Serbia er Studva frå høgre. Etter 28 km i Serbia munnar elva ut i Sava ved landsbyen Bosut.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bosut høyrer til tilsigsområdet til Svartehavet og har eit nedslagsfelt på 3 097 km². Om lag 40 km av elva er framkommeleg for små båtar. Elva renn stort sett over forholdsvis flat mark og renn svært sakte, og ho fell berre mindre enn 10 meter frå utspringet til munningen. Bosut er kjend som ei elv som kan «renne motsett veg», for stundom, når vinden bles kraftig opp elva, kan det sjå ut til at vatnet renn andre vegen.

Heile elvedalen er eigentleg det tidlegare elveleiet til Sava, og er òg kjend som det området med høgast fordamping i Kroatia og Serbia. I den nedre delen av elva renn ho gjennom eit skogområde. Elva er generelt rik på fisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): "Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije"; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6