Botnafjorden

Koordinatar: 61°37′15.323″N 5°4′10.214″E / 61.62092306°N 5.06950389°E / 61.62092306; 5.06950389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°37′15.323″N 5°4′10.214″E / 61.62092306°N 5.06950389°E / 61.62092306; 5.06950389

Botnafjorden sett frå hamna i Florø

Botnafjorden er ein fjord i Kinn kommune i Vestland som ligg på nordsida av Florø. Fjorden er ei fortsetjing av Årebrotsfjorden som ligg lenger vest og strekkjer seg om lag 3 km austover der han deler seg i to. Den sørlege delen held fram som Klavfjorden, medan den nordlege delen held fram som Norddalsfjorden.

Fjorden har innløp mellom holmen Skutelen i nord og Haustholmen i sør. I aust endar fjorden ved Storeneset på Grønenga. Brandsøy ligg på sørsida av fjorden. På nordsida av fjorden ligg Store Terøya og Litle Terøya.