Botnfjorden i Alstahaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Botnfjorden i Alstahaug
Land  Noreg
Kart
Botnfjorden i Alstahaug
66°00′08″N 12°39′57″E / 66.002105°N 12.66586306°E / 66.002105; 12.66586306

Botnfjorden i Alstahaug er ein 7,5 km lang fjordarm av Leirfjorden som går inn i øya Alsta aust for Sandnessjøen.

Inste del av Botnfjorden, ved garden Botn, er ei langgrunn vik med lang fjære. Lenger ut er Botnfjorden svært djup, opptil 340 m[1]. Dette djupaste området er på sjøkartet markert som dumpefelt for ammunisjon. Botnfjorden er eit verhardt område ved austleg vind, med kraftig fallvind frå Sju søstre.

I Botnfjorden er det både friluftsbad[2] og industriområde[3].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alstahaug kommune: Alstahaug i tall, arkivert frå originalen 10. november 2007, henta 8. mars 2008 
  2. Sommerdukkert i nesten ferdig bad, Helgeland Arbeiderblad, 4. juni 2007
  3. Danner nytt baseselskap, Helgeland Arbeiderblad, 8. november 2006