Botnis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Botnis på havbotn i McMurdosundet i Antarktis.

Botnis er is som vert danna i rennande vatn der straumsnøggleiken er så stor at det oppstår virveldanning. I virvlande vatn vil underkjølt vatn som vert danna ved overflata i elva eller bekken verte ført ned til botn, der det vert krystall ut som botnis. Denne forma for botnis vert òg kalla botnsarr eller dynamisk isdanning.

Botnis vert òg danna som svevande eller drivande isnåler i vatnet, og vert då gjerne kalla sarr. Sarr har ein svampaktig konsistens. Denne isen oppstår når det underkjølte vatnet på veg gjennom vatnet treffer faste partiklar som virkar som krystallisasjonskjernar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]