Botulinumtoksin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
3D-modell av botulinum nevrotoksin, serotype A

Botulinumtoksin (forkorta BTX) er eit protein og nevrotoksin som blir laga av bakterien Clostridium botulinum.[1] Det blir også framstilt kommersielt til medisin, kosmetikk og forsking. Det finst to kommersielt tilgjengeleg former: botulinumtoksin type A og botulinumtoksin type B.

Botulinumtoksin er det mest akutt giftige toksinet som er oppdaga, med estimert LD50 hjå menneske på 1,3-2,1 ng/kg intravenøst eller intramuskulært, og 10-13 ng/kg ved innanding. BTX kan føra til botulisme, ein alvorleg og livstrugande sjukdom. Botulinumtoksin type A og B blir bruka medisinsk for å behandle øvre motornevronsyndrom, fokal hyperhidrose, blefarospasme, skjegling, kronisk migrene og bruksisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Øye, Ivar (22. juli 2014). «botulinumtoksin». Store Medisinske Leksikon (Store Norske Leksikon). Henta 4. desember 2014. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.