Boulogne-sur-Mer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boulogne-sur-Mer
Domkyrkja i Boulogne-sur-Mer
Domkyrkja i Boulogne-sur-Mer
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nord-Pas-de-Calais
Pas-de-Calais
Geografi
Flatevidd
 - By

8,42 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

44 859
  5 328/km²
135 116
Koordinatar 50°43′″N 01°36′″EKoordinatar: 50°43′″N 01°36′″E
Høgd over havet 6 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 62100
Heimeside: www.ville-boulogne-sur-mer.fr
Plassering
Boulogne-sur-Mer-Position.png

Béthune (Bonenflamsk) er ein by og kommune nord i Frankrike ved Den engelske kanalen. Han er sous-préfecture (administrasjonssenter) i departementet Pas-de-Calais i regionen Nord-Pas-de-Calais, og har om lag 45 000 innbyggjarar. Storbyområdet til byen hadde etter ei folketeljing i 1999 135 116 innbyggjarar.

Namm[endre | endre wikiteksten]

Namnet Boulogne vart først nedteikna i romartida som Bononia, som kom av det keltiske ordet bona (tyder «fundament», «busetnad», «festning»). Det same opphavet har òg namnet på den italienske byen Bologna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var byen kalla Gesoriacum, men på 300-talet vart han kalla Bononia av romarane, og hadde ei stor hamn som knytte resten av riket til Storbritannia. Keisar Claudius nytta byen som base då han invaderte Dei britiske øyane i år 43, og fram til 296 var han base for Classis Britannica (den romerske flåten i britisk farvatn).

I mellomalderen vart byen senter for Grevane av Boulogne. Området vart mykje kjempa om av franskmenna og engelskmenna. I 1550 enda freden i Boulogne krigen England hadde mot Skottland og Frankrike. Frankrike kjøpte Boulogne tilbake for 400 000 crown.

1800-talet vart Notre-Dame de Boulogne rekonstruert av presten Benoit Haffreingue etter han fekk eit syn frå Gud om å rekonstruere den ruinerte basilikaen i byen. Under Napoleonskrigane samla Napoleon La Grande Armée i Boulogne for å invadere Storbritannia i 1805. Planane hans vart derimot utsett på grunn av andre saker i Europa og den sterke marinen til britane.

Boulogne-sur-Mer er ei av dei viktigaste fiskehamnene i Frankrike.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Boulogne-sur-Mer