Bound Skerry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bound Skerry
Geografi
Bound Skerry is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 60°26′ N 0°43′ WKoordinatar: 60°26′ N 0°43′ W
Øygruppe Shetlandsøyane
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Demografi
Folketal 0

Bound Skerry er ein del av Out Skerries i Shetlandsøyane. I tillegg til at ho er den austlegaste i denne gruppa, er ho òg det austlegaste punktet i heile Skottland.

Flyfoto av Grunay med Bound Skerry i bakgrunnen

Det står eit fyr på øya, som vart bygt i 1857 for £21 000. Familien til Robert Louis Stevenson var fyrbyggjarar og ein kan sjå signaturen hans i gjesteboka.[1] Fyrvaktarane budde på naboøya Grunay.

Øya vart bombardert to gonger under den andre verdskrigen av tyskarane, som trudde det var ein ammunisjonsfabrikk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.