Bourdonrøyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den mekaniske sida med bourdonrøyret og overføringsmekanisme

Eit bourdonrøyr vert brukt til å måla trykk og temperatur med. Bourdonrøyret er eit bøygd eller spiralforma, ofte ovalt røyr. Når trykket aukar inni røyret, vil det prøva å retta seg ut.

Den franske urmakaren Eugene Bourdon tok patent på bourdonrøyret i Frankrike i 1849.

Bourdonmanometer[endre | endre wikiteksten]

Eit manometer er eit instrument til å måla trykk med.

Utsida av bourdonrøyret har større overflata enn innsida. Difor vil innsida utvida seg mest når trykket aukar inni røyret. Det same fenomenet kan ein sjå når ein skrur på trykket i ein hageslange, og svingane prøver å retta seg ut. Den mekaniske rørsla av bourdonrøyret er proporsjonal med trykkendringa inni røyret.

Eit bourdonmanometer vert brukt til å måla trykk frå 0,25 til 3000 bar.

Indikatorsida med visar og talskiva

Bourdonrøyr i termometer[endre | endre wikiteksten]

Temperaturendring inni ein lukka behaldar fører til trykkendringar. Eit termometer med bourdonrøyr fungerer akkurat som manometeret. Bourdontermometeret har ein væskefylt kolbe der det dannar seg eit trykk. Trykket vert overført til bourdonrøyret gjennom eit kapillarrøyr.

For å motverka endringar som følgja av temperaturendring rundt kapillarrøyret, kan ein kompensera med eit ekstra kapillarrøyr der trykket verkar motsett veg. Dette mogleggjer lang avstand frå målepunktet til indikatoren. For å motverka endringar som følgje av temperaturendringar i indikatorinstrumentet, brukar ein eit bimetall som verkar motsett av bourdonrøyret, og slik opphevar effekten av temperaturendring i bourdonrøyret.

Indikator[endre | endre wikiteksten]

Målinga vert oftast vist på ei måleskiva, ein analog måleindikator. Då kan den mekaniske rørsla frå bourdonrøyret overførast til mekanisk rørsla på ein visar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]