Bourges

Koordinatar: 47°05′04″N 02°23′47″E / 47.08444°N 2.39639°E / 47.08444; 2.39639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bourges
Byvåpenet til Bourges
Byvåpenet til Bourges
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Centre
Cher
Geografi
Flatevidd 68,74 km²
Flatevidd
 - By

68,74 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

72 480
  1 054/km²
Koordinatar 47°05′04″N 02°23′47″E / 47.08444°N 2.39639°E / 47.08444; 2.39639
Høgd over havet 153 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-bourges.fr

Bourges er ein by og kommune sentralt i Frankrike ved elva Yèvre. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Cher i regionen Centre, og tidlegare hovudstad i den historiske franske provinsen Berry.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på byen kjem anten frå bituriges, som er namnet på dei opphavlege innbyggjarane, eller frå det germanske ordet Burg (fransk: Bourg), som tyder «ås/landsby». Det keltiske namnet på byen var Avaricon. Under Gallarkrigane utførte gallarane ein brente jords taktikk, men innbyggjarane i Avaricon bad inntrengande om å ikkje brenne byen deira, og han vart spart sidan myrane rundt og ein sterk sørmur gjorde byen enklare å forsvare.

St. Ursinus vart på 200-talet rekna som den første biskopen i byen. For tida er Bourges sete for eit erkebispedøme.

Den gotiske Cathédrale Saint-Étienne de Bourges vart påbyrja på slutten av 1100-talet og står i dag på UNESCO si verdsarvliste. Ho vert rekna som det tidlegaste dømet på den høg-gotiske stilen som kom for fullt på 1200-talet.

I mellomalderen var Bourges hovudstad i eit Vicomte fram til 1300-talet. Den framtidige kongen Karl VII søkte tilflukt her. Son hans Louis XI vart fødd i byen i 1423. I 1438 gav Karl ordre om Den pragmatiske sanksjonen av Bourges. I denne perioden var Bourges eit stort senter for alkymi.

Byen har lange tradisjonar for kunst og historie, og andre viktige stader i byen er mellom anna Palasset til Jacques Cœur og eit 65 hektar stort distrikt med tømmerhus og storhus.

Byen vart kjend ei kort stund seint på 1700-talet då den skotske eventyraren Sir Fergus Woodward utkjempa ein duell med den lokale aristokraten Eric Mouhica utanfor den store domkyrkja. Mouhica skal visstnok ha organisert eit mord på ein nær ven av Woodward, Andre Gillespeaux, men dei lokale styresmaktene nekta å gjere noko med det. Edward Norman, ein prest i domkyrkja, skreiv i journalen sin at Woodward drap franskmannen med orda: «While I today have brought your grave, 'tis death which you have bred yourself.»

Impresjonist-målaren Berthe Morisot vart fødd i Bourges 14. januar 1841.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bourges