Bourne Shell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bourne Shell var det første Unix-skallet. Det vart laga av Stephen R. Bourne. Bourne Shell er eit relativt enkelt språk. Det inneheld nok funksjonalitet til å lage enkle strukturerte dataprogram. Det har lite funksjonalitet for interaktiv bruk.

Ettersom Bourne Shell finst på nær sagt kvar datamaskin som køyrer eit Unix- eller Unix-liknande operativsystem er Bourne Shell mykje brukt som programmeringsspråk til automatisering av oppgåver.