Bourrée

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bourréedans

Ein bourrée er ein dans av fransk opphav som var vanleg i Auvergne og Bizkaia i Spania på 1600-talet. Han vert dansa i eit raskt tempo, liknande, men raskare enn ein gavotte. Hovudskildnaden ligg i opptakten, ein bourrée startar på siste slaget i ein takt. Han har ofte ein daktylisk rytme. Ein finn mellom anna dansen i suitane frå barokken.

Komponistar som Johann Sebastian Bach, George Frideric Handel og Frédéric Chopin nytta musikkforma bourrée. Johann Sebastian Bach nytta ofte ein bourrée i suitane sine som ein av dei valfrie dansesatsane som kom etetr sarabanden, men før gigen. Ein av dei mest kjende bourréeane hans er Bourée i e-moll. Denne har vorte spelt av mange rockeband i moderne tid, mellom anna Jethro Tull og Led Zeppelin. Handel komponerte fleire bourréear i sine solokammersonatar, til dømes den fjerde satsen i Obosonate i c-moll.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]