Boutros Boutros-Ghali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boutros Boutros-Ghali

Boutros Boutros-Ghali[1] (fødd 14. november 1922) er ein egyptisk diplomat som tente som sjette generalsekretær for Dei sameinte nasjonane frå januar 1992 til desember 1996.

Akademisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Boutros Boutros-Ghali vart fødd i Kairo i ein koptisk-ortodoks familie («Boutros» er koptisk for Peter) som allereie hadde gjeve Egypt ein statsminister, Boutros-Ghali (1846 til 1910). Han studerte og tok eksamen ved universitetet i Kairo i 1946 og fekk doktograden i internasjonal juss frå universitetet i Paris og diplom i internasjonale studiar frå Institut d'Etudes Politiques de Paris i 1949. Same året fekk han ein stilling som professor i internasjonal juss og internasjonale studiar ved universitetet i Kairo. Han vart verande i denne stillinga fram til 1977. Han heldt leiarverv i fleire institutt for politiske studiar frå 1975. 1954-55 studerte han på eit Fulbright Research-stipend ved Columbia University.

Politisk karriere i Egypt[endre | endre wikiteksten]

Boutros-Ghali tente som utanriksminister i Egypt frå 1977 til 1991, då han vart viseminister. Som utansriksminister spela han ei rolle i underteikninga av fredsavtalen mellom Egypt sin president Anwar Sadat og den israelske statsministeren Menachem Begin.

Karriere i SN[endre | endre wikiteksten]

Boutros-Ghali vart vald til generalsekretær i SN i 1992, og tenestetida hans er omdiskutert. Han fekk kritikk for at SN ikkje reagerte på folkemordet i Rwanda i 1994, der i minsto 937 000 menneske døydde. Han makta heller ikkje å få støtte for SN-inngrep i borgarkrigen i Angola. Den vanskelegaste perioden i generalsekretærskapen hans var likevel truleg avviklinga av krisa i det tidlegare Jugoslavia og SN sitt diplomatiske og humanitære arbeid i krigane som fylgde. Omdøme hans vart difor knytt til spørsmålet om effektiviteten til SN og USA si makt over SN. For motstandarane hans symboliserer han SN si mangel på reaksjonsevne når menneskerettar brytast og i humanitære krisesituasjonar, medan dei som stør han meiner USA hindra all SN-aktivitet i denne perioden.

Andre periode[endre | endre wikiteksten]

Då Boutros-Ghali si fyrste periode kom mot slutten i 1996 la ti medlemmer av Tryggingsrådet fram ein resolusjon som foreslo Boutros-Ghali som generalsekretær for ein periode til, fram til 2001. USA la ned veto mot dette, og korkje Storbritannia, Polen, Sør-Korea eller Italia stødde resolusjonen, sjølv om dei alle røysta for då det vart klårt at USA nedla veto. Boutros-Ghali vart ikkje fyrste generalsekretær som det vart nedlagt veto mot at fortsette (Kina nedla veto mot at Kurt Waldheim sat ein tredje periode), men han vart den fyrste, og til no einaste som ikkje har sete i to periodar. Han vart etterfylgd som generalsekretær av Kofi Annan

Karriere etter SN[endre | endre wikiteksten]

Frå 1997 til 2002 tente Boutros-Ghali som generalsekretær for La Francophonie, ein organisasjon for fransktalande land. Frå 2003 til 2006 tente han som styreformann for The South Centre, eit internasjonalt forskingsorgan for utviklingsland. Han tener no i The Hague Academy for International Law.

I september 2004 uttalte Boutros-Ghali i eit intervju på egyptisk TV at USA oppførte seg som eit «totalitært regime» ovanfor resten av verda, i følgje omsetjinga frå Middle East Media Research Institute.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Boutros-Ghali har utgjeve to memoarar:

  • Egypt's road to Jerusalem (1997), om fredstraktaten mellom Israel og Egypt.
  • Unvanquished: A U.S.-U.N. Saga (1999), om tenestetida som generalsekretær for SN

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. arabisk بطرس بطرس غالي