Bow Creek
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bow Creek er namnet på dei siste tre kilometrene av elva Lee i London. Dette stykket av elva skil seg ut frå resten ved at det er påverka av tidvatn frå Themsen, som ho munnar ut i. Ho blir difor i praksis ofte rekna som ei eiga elv.
Tidlegare var det skipsverftet ved Orchard House Yard, og skipa vart sjøsett på elva slik at dei kunne segle nordover på Lee Navigation via slusene Bow Locks, eller sørover til Themsen. I 1810 vart det bygd ei jernbru over elva.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bow Creek» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2011.