Bowenforholdet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bowenforholdet er forholdet mellom merkande varme og latent varme frå eit medium til eit anna. Matematisk kan forholdet skildrast:

B = {\frac{Q_h}{Q_e}},

der Q_h er merkande varme og Q_e er latent varme. Harald Sverdrup kalla forholdet opp etter Ira Sprague Bowen (1898–1973), ein astrofysikar som først brukte forholdet i arbeidet sitt med fordamping av vatn, og det blir mest brukt innan meteorologi og hydrologi. I denne samanhengen er storleiken B mindre enn ein, altså blir ein større tilgjengeleg energimengd frå overflata overført til atmosfæren som latent varme enn som merkande varme. Når {Q_e \rightarrow 0} vil derimot B gå mot uendeleg, og bowenforholdet vil då vere ein dårleg variabel å bruke i andre formlar, særleg for tørre overflater. På grunn av dette er fordampingsbrøkdelen (FB), som viser dei forskjellige turbulente energifluksane til og frå overflata, ein betre variabel å bruke i desse tilfella.

Bowenforholdet er relatert til fordampingsbrøkdelen FB gjennom likninga

{FB = \frac{Q_e}{Q_e + Q_h} = \frac{1}{1+B}}.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Bowen, I.S., 1926: The ratio of heat losses by conduction and by evaporation from any water surface. Physics Review, 27, pp 779—787.
  • Lewis, J.M., 1995: The Story behind the Bowen Ratio. Bulletin of the American Meteorological Society, 76, pp 2433-2443.