Boyle-Mariotte-lova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Boyle-lova eller Bolye-Mariotte-lova er ei lov i fysikken som seier at produktet av trykket, t, og volumet, v av ein gass ved konstant temperatur er konstant.

PV = k

Lova er oppkalla etter engelskmannen Robert Boyle, som kom fram til forholdet i 1660 og av franskmannen Edmé Mariotte som kom fram til det same resultatet uavhengig av Boyle i 1676. Lovene vert ofte kalla Boyle-lova i England og Mariotte-lova i Frankrike.

Lova kan utleiast frå idealgasslova

PV = nRT.

Lova gjeld i røynda berre for ein idealgass, men kan nyttast for verkelege gassar ved lågt trykk (under nokre få atmosfærar).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]