Boyne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boyne
elv
Land  Irland
Lengd 112 km
Kjelde Carbury i County Kildare
Munning Irskesjøen mellom distrikta Mornington i County Meath og Baltray i County Louth
Kart
Boyne
53°43′00″N 6°15′00″W / 53.716666666667°N 6.25°W / 53.716666666667; -6.25
Wikimedia Commons: River Boyne
Boyne og Boynedalen sett frå ganggrava Newgrange til Brú na Bóinne.

Boyne (irsk Abhainn na Bóinne) er ei elv i LeinsterIrland med ei lengd på 112 km. Ho har sitt utspring ved Trinity Well i Newbury Hall, nær Carbury i County Kildare og renn nordaustuover gjennom County Meath til Irskesjøen utanfor Drogheda. Boyne renn gjennom Boynedalen og i elva kan ein mellom anna fiske laks og aure.

Boyne er forbunde til irsk historie, arkeologi og mytologi. Ho renn nær den gamle byen Trim, Trim Castle, Taraåsen (det gamle hovudsetet til overkongane av Irland), Navan, åsen Slane, Brú na Bóinne (ein arkeologisk stad), Mellifont Abbey og mellomalderbyen Drogheda. I Boynedalen kan ein òg finne andre historiske og arkeologiske monument som Loughcrew, Kells, keltiske kross, borger og meir. Slaget ved Boyne, eit stort slag i irsk historie, fann stad langs Boyne nær Drogheda i 1690 under Williamkrigen i Irland.

Elva har vore kjend sidan antikken. Den greske geografen Klaudios Ptolemaois teikna eit kart over Irland på 100-talet, som inkluderte Boyne, men då kalla Bubinda. Noko seinare kalla Giraldus Cambrensis ho Boandus. I irsk mytologi vert det sagt at elva vart danna av gudinna Boann og at Boyne er ei anglisert form av dette namnet. I andre segner var det i denne elva at Fionn mac Cumhail fanga Fiontán, Kunnskapslaksen.

Ei rekkje kanalar (Boyne Navigation) går om lag parallelt til elva frå nær Oldbridge til Navan. Fleire jernbanebruer og viaduktar kryssar Boyne.

Vikingskip[endre | endre wikiteksten]

I 2006 fann ein restane etter eit vikingskip funne nær elveleie i Drogheda under oppmudring av elva. Skipet skal gravast opp sidan det utgjer ein fare for elvefarten.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 15. januar 2009, henta 23. oktober 2007