Bozhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bozhou (gul) i Anhui

Bozhou (kinesisk: 亳州市; pinyin: Bòzhōu Shì) er eit byprefektur nord i provinsen Anhui i Kina, på grensa mot provinsen Henan. Prefekturet har eit areal på 8 394 km² og ca 5,19 millionar innbyggjarar (2003). Byprefekturet Buzhou består av eitt distrikt og fire fylke.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 105 går gjennom byen Buzhou. Denne viktige trafikkåra tek til i Beijing, og går sørover og endar ved kysten i Zhuhai i provinsen Guangdong. Vegen er innom storbyar som Tianjin, Dezhou, Jining, Shangqiu, Jiujiang, Nanchang og Guangzhou.

Også Kinas riksveg 311 går gjennom Buzhou. Han tek til i Xuzhou og går gjennom provinsen Anhui og vidare inn i Henan, der han endar opp i fylket Xixia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]