Brødristar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klassisk brødristar i krom

Ein brødristar er ein liten elektrisk kjøkenmaskin som vert brukt til å rista brød med. Risting av brød er ein kombinasjon av tørking og steiking. Slik vert brødskivene varme og sprø, og gjev brukaren ei kjensla av nysteikt brød. Brødristarar er daglegdagse i dei fleste heimar i den vestlege verda.

Ein moderne brødristar er normalt ein boks med to hol, kvart med plass til ei brødskiva. Ein brødristar med to skivehol kan òg brukast til singelskiveristing. Ein spake på enden av brødristaren senkar brødet ned i hola. På sidene av skivene er det varmeelement som varmar opp brødet. Tida stiller ein inn med ein skruknapp. Når tida er ute, sprett skivene opp og varmeelementa vert sløkte.

Brødristaren kan òg brukast til andre ting enn brød, som til dømes kaker, pannekaker og bollar. Dei mest avanserte brødristarane kan ha fleire funksjonar, som tining, stoppknapp, varmejustering, automatisk senking av brødet, gjenoppvarming og liknande.