Brønnøyfjorden

Koordinatar: 64°48′43.711″N 10°54′19.094″E / 64.81214194°N 10.90530389°E / 64.81214194; 10.90530389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

64°48′43.711″N 10°54′19.094″E / 64.81214194°N 10.90530389°E / 64.81214194; 10.90530389 Brønnøyfjorden er ein fjord i Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 15 km nordaustover til Mellom-Vikna.

Fjorden startar i sørvest nord for øygruppene Sør-Gjæslingan og Nord-Gjæslingan og går mellom alle holmane som ligg mellom Vikna og Folda i sør.