Brønnøymål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brønnøymål eller Sørvest-helgelandsk femner målføra i nordre Bindal (nordom Tosen), Sømna, Brønnøy og Vega, endå vegværingsmålet òg har mange drag sams med vefsnmåla. Målet i søre Bindalen vert rekna til namdalsmål. Brønnøymåla skil seg på mange måtar frå Nord-Noreg elles. Tonefallet skil seg frå det nordnorsk, og området er det einaste som har lågtone og ikkje høgtone (forutan innflyttarmålet i Susendalen). Dette er det einaste området i Nord-Noreg der det regelbunde finst korte trykkstavingar. Eit anna særdrag er at så mange ordtypar og bøyningsformer har -i i sluttstavinga.

Målmerke[endre | endre wikiteksten]

Brønnøymålet har mange særeigne målmerke ein elles ikkje finn i Nordland.[1] På mange vis er målet ein overgangsdialekt frå trøndersk til nordnorsk. Nokre målmerke er:

  • Jamvekt, men berre delvegs gjennomført.
  • Brønnøymålet har lågtone. Dette er eit typisk austnorsk målmerke, og er annleis ifrå resten av helgeland som elles har høgtone. Eit unnatak er innflyttarmålet i Susendalen i Hattfjelldalen, som har fleire austnorske innslag enn målføra ikring.[2]
  • Der ein i andre målføre har -e på svake kortstava hankjønnsord har det i brønnøymålet utvikla seg -a ifrå den norrøne oblike forma (haga, boga, maga). Ein finn likevel former som har utvikla seg ifrå nominativsforma (hani, tari, hari)
  • Gamalnorsk korte stavingar har ofte fått lenging som på vestnorsk.
  • Brønnøymålet har eiga ending i bunden fleirtal av inkjekjønnsord, der nordnorsk elles har samanfall med hankjønn. T.d. di huse for Vefsnmål di husan.
  • Tjukk-l, både av historisk-l og norrøn-/rð/.
  • i-ending i supinum. T.d. fåri, bråti, dråkkji
  • Dativ var levande tradisjonelt, både i eintal og fleirtal.
  • Dei halvstemde plosivane som er karakteristiske for midt-helgelandsmåla er ikkje å finna i brønnøymålet.
  • Apokope er vanlegare i mykje større grad enn i nærområda.
  • Brønnøymålet har delt hokjønnsbøying. Dette tyder at hokjønnsord kan få to ulike bøyingar; ei for hokjønnsord som endar på -a (ei visa), og ei for dei som ikkje har ending (ei vik)

Substantivbøying[endre | endre wikiteksten]

Døme på bøyingsverket i brønnøymålet er:

Døme på bøyingsmønsteret[1]
Eintal Fleirtal
ubunden bunden dativ ubunden bunden dativ
hankjønn bakka bakkan bakkå bakka bakkan
hari harin harå hara haran
båt båten båte båta båtan
hokjønn kåpa kåpå kåpen kåpår kåpån
vik vikje vikjen vikji vikjin
øy øye øyen øya øyan øyå
inkjekjønn øua øua øua øuår øuån
hus huse hus hus huse

Dativ[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt Brønnøymål har dativ, både i eintal og fleirtal. Dativ fleirtal er rekna for døyande i målet, men kjem likevel føre i nokon mon. Olaf Olssen skriv at dativ fleirtal berre førekjem i hankjønnord og sterke hokjønnord, i og med at dativendinga fell saman med den bundne eintalendinga.

Døme på dativ:[1]

  • Hannj sett næri båt'e. (han sit nedi båten)
  • Vont i magå. (Vondt i magen)
  • Hannj e itur Svænøy'n. (Han er frå Svenøya)
  • Hannj sett i stuån. (Han sit i stua)
  • Deser ódyre levi i hav. (Desse udyra lever i havet)
  • E frys på fengrå. (Eg frys på fingrane)

Verbbøying[endre | endre wikiteksten]

Brønnøymålet har tradisjonelt kløyvd infinitiv. Overvektsord får jamnast apokope i infinitiv (t.d. å kast), medan jamvektsord held på infinitivsendinga (t.d. å vara). Unnatak er ofte verb som på nynorsk endar på -ja, t.d. tenkji og ønsji for tenkja og ynskja.

Klasse Infinitiv Presens Preteritum Presens perfektum
Døme på sterke verb å fara fer for ha fåri
å drekk drekk drakk ha dråkkji
Døme på a-verb å kast kasta kasta ha kasta
å fesk feska feska ha feska
Døme på e-verb tenkji tenkji tængt ha tængt
å høyr høyr høul ha høurt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Olaf Olssen. Brønnøymålet : Lydverket. Arkivtrykkeriet i Trondheim. 
  2. «Dialektane på Helgeland». Årbok for Helgeland. 1998/99 Vol. 29.