Braşov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Braşov
Braşov sett frå toppen av fjellet Tâmpa
Braşov sett frå toppen av fjellet Tâmpa
Flagget til Braşov Byvåpenet til Braşov
Flagget til Braşov Byvåpenet til Braşov


Plassering
Braşov is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Braşov
Grunnlagd 1408
Borgarmeister George Scripcaru
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

267,2 km²
1368.5 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

277 945
  1 040,2 /km²
399 316
Koordinatar 45°40′0″N 25°37′0″EKoordinatar: 45°40′0″N 25°37′0″E
Høgd over havet 600 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer RO-500000
Retningsnummer (tlf) +40 02 68
Bilnummer BV
Nettstad: www.brasovcity.ro


Braşov (braˈʃov; ungarsk Brassó; tysk Kronstadt; latinsk: Brassovia eller Corona) er ein by i Romania og hovudstaden i Braşov fylke. Han har om lag 285 000 innbyggjarar og er den åttande største byen i etter Bucureşti, Cluj-Napoca, Timişoara, Iaşi, Craiova, Constanţa og Galaţi.

Braşov ligg sentralt i landet, om lag 166 km frå Bucureşti. Han er omgjeve av Dei sørlege Karpatane og er ein del av regionen Transilvania.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rådhusplassen i september 2003

Byen vart grunnlagt under namnet Corona (Kronstadt) av ordensbrørne frå Den tyske riddarordenen på byrjinga av 1200-talet, som søraustlegaste tyske by i Siebenbürgen. I 1225 måtte ordensbrørne forlate byen og slo seg ned i Baltikum. Byen var gjennom mange hundreår det kulturelle, andelege og religiøse sentrum for siebenbürgen-saksarane, den tyske folkegruppa i Siebenbürgen, som hadde slått seg ned i området på 1200-talet og utgjorde majoriteten i byen fram til 1800-talet. Byen er òg ein av dei sju festningsbyane som gav namn til Siebenbürgen. På 1200- og 1300-talet gjekk tatarar og tyrkarar stadig til åtak på byen. Så seint som på 1600-talet var byen og regionen gjennom plasseringa si ved grensa til Det osmanske riket. Byen og regionen høyrte sidan mellomalderen til Kongedømet Ungarn og dermed det habsburgske riket (seinare Austerrike-Ungarn). Sidan Trianontraktaten i 1920 har byen vore ein del av Romania. Mellom 1951 og 1961 vart byen kalla Oraşul Stalin etter Josef Stalin av det sovjetinnsette kommunistregimet. I 1989 var byen ein av dei første der folk gjorde opprør mot kommunistdiktaturet under den rumenske revolusjonen. I dei siste tiåra har byen hatt ein rumensk majoritet. Det bur derimot framleis ein del ungararar der. Den tyske folkesetnaden har derimot nesten heilt forsvunne på grunn av bortdriving etter den andre verdskrigen og seinare utvandring. I dag er det om lag 1400 tyskarar att i byen.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Braşov