Bracklesham Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsikt mot havet frå stranda

Bracklesham Bay er ei bukt på vestsida av Manhoodhalvøya i West Sussex i England. Bukta vender ut mot Den engelske kanalen og Isle of Wight, som ein kan sjå frå stranda. Frå her kan ein òg sjå fyret Nab Tower og Spinnaker Tower i Portsmouth.

Bukta er sandete og med grus lenger bak. Stranda vert mykje nytta av brettseglarar, dykkarar og surfarar, samt fossiljegerar på det kjende fossilleiet Bracklesham Beds. Grunnfjellet er londonleire og bitar av leire finst innimellom sanden.

Landsbyane Bracklesham og East Wittering ligg sentralt i bukta og ho grensar til Selsey i sør/austenden, medan landsbyen West Wittering ligg på vestsida. Den næraste byen er Chichester, som ligg 13 km nordover.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]