Brades

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brades
by
Land  Storbritannia
Region Montserrat
Folketal 391
Kart
Brades
16°47′34″N 62°12′38″W / 16.792777777778°N 62.210555555556°W / 16.792777777778; -62.210555555556
Brades på Montserrat
Brades på Montserrat
Brades på Montserrat
Wikimedia Commons: Brades

Brades (også Brades Estate) er ein by med rundt 1000 innbyggjarar som har vore fungerande hovudstad for det britiske territoriet Montserrat i Karibia sidan 1998.[1]

Topografisk kart over Montserrat med stader og den avstengde sona sør på øya avmerkt.

Brades ligg nordvest på Montserrat, i Carr's Bay/Little Bay-området. Småbyen tok over funksjonen som hovudstad etter a den offisielle hovudstaden Plymouth sør på øya blei forlaten og øydelagd ved utbrotet til Soufriere Hills-vulkanen i 1997. Den offisielle statusen er ikkje overført til Brades, men det er oppført mange nye regjeringsbygningar her[2] og guvernøren har kontor her.[3]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det er føreslått fleire andre namn på den nye hovudstaden, til dømes «Port Diana», til minne om prinsesse Diana[4] og «St Patrick's», til minne om opprøret på Montserrat på patriksdagen 17. mars 1768.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leonard, T. M. (2005). Encyclopedia of the Developing World. Routledge. s. 1083. ISBN 978-1-57958-388-0. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. T.d. Ministry of Communications, Works and Labour; «PWD Moves To Brades» Arkivert 2013-08-04 ved Wayback Machine., www.gov.ms
  3. Governor's Office, Brades, gov.uk
  4. «Montserrat Asks to Re-name Capital after Diana», bbc.co.uk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brades