Braemar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Braemar

skotsk-gælisk Bràigh Mhàrr
Braemar frå Morrone
Braemar frå Morrone
Plassering
Braemar is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Aberdeenshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

839
Koordinatar 57°1′″N 3°24′″WKoordinatar: 57°1′″N 3°24′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer AB35
Telefon-retningsnummer 0 13397
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Braemar

Braemar (skotsk gælisk Braigh Mharr) er ein landsby i regionen Aberdeenshire i Skottland. Han har kring 1000 innbyggjarar, og ligg omkring 80 km vest for Aberdeen. Han ligg nær den øvre delen av elva Dee.

Landsbyen arrangerer årleg høglandsleikar, Braemar Gathering. Leikane vart truleg starta på 1000-talet av Malcolm Canmore. I 1715 vart dei brukt for å dekke over starten på det første jakobittopprøret. Sidan 1832 har dei vorte arrangert av Braemar Royal Highland Society. Desse lekane blir tradisjonelt vitja av den britiske kongefamilien, som har sommerresidensen sin på Balmoral slott i Aberdeenshire.

Braemar slott vart påbegynt av John Erskine, jarl av Mar i 1628. Eigarane bur enno i slottet, men delar av det er ope for publikum om sommaren.

Braemar er ein av dei to stadane som har den britiske kulderekorden. Det har to gonger vore registrert -27.2 °C i Braemar: 11. februar 1895 og 10. januar 1982. (Det andre staden er Altnaharra, som registrerte same temperatur 30. desember 1995.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]