Bragdøya

Koordinatar: 58°07′06″N 07°59′34″E / 58.11833°N 7.99278°E / 58.11833; 7.99278
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bragdøya
Geografi
Stad Sørlandet
Koordinatar 58°07′06″N 07°59′34″E / 58.11833°N 7.99278°E / 58.11833; 7.99278

Høgaste punkt 35 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vest-Agder

Bragdøya er ei øy i Kristiansandsfjorden. Øya er eigd av Kristiansand kommune som kjøpte ho i 1969 med statleg tilskot. Dette vart gjort med klausul om at øyane skulle vere eit rekreasjonsområde for byen. Til Bragdøya sitt friareal høyrer òg dei nærliggande øyane Timlingene, Svendsholmen, Blomsterøya, Langøya, Ragnhildsholmen og Hestehaue.

På Bragdøya og øyane rundt er det ein del eldre hytter. Hytteeigarane har berre bruksrett på desse fram til 2010.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det har i fleire hundre år vore busetnad på Bragdøya. «Siffuord Bragdøen» er nemnd i skriftlege kjelder som eigar frå 1610 og utover. I tillegg er det nemnd ein «Oluff» som medeigar.

Byen sin første lystgard vart oppført på Bragdøya av by- og rådstoveskrivar Henrik Arnold Thaulow rundt 1770. Thaulow var morfar til Camilla, Oscar og Henrik Wergeland og borna var fleire somrar på øya med foreldre og besteforeldre. I dag vert Thaulow sitt hus nytta som café.

Siste fastbuande, som pakta garden, flytta inn til fastlandet i 1952.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]