Bragefeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bragefeltet er eit produksjonsfelt for olje og gass som ligg i blokkene 30/6, 31/4 og 31/7 i Nordsjøen med Statoil som operatør.

Bragefeltet er bygd ut med ei plattform som ligg 13 km aust for Osebergfeltet (OSF). Brageplattforma er ei stålplattform som har integrert bustad-, prosess- og boreutstyr. Utvinning av petroleum starta i 1993 og er pr. 2007 på kring 35 000 fat olje per dag. Feltet er rekna å innehalda 49,8 mill Sm3 olje og 2,4 mrd Sm3 gass.

Olja vert eksportert til Stureterminalen via Oseberg Transport System (OTS). Naturgass frå Bragefeltet vert eksportert via Statpipe til Tyskland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]