Bragernes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bragernes i forgrunnen på dette bildet av Drammen og Drammenselva.

Bragernes er ein administrativ bydel i Drammen med 11 553 innbyggjarar per 1. januar 2011.[1] Bragernes ligg sentralt i Drammen på nordsida av Drammenselva og strekkjer seg frå Kjøsterud til Strøtvet.

Bragernes prestegjeld har eit prestesokn, Bragernes prestesokn, med kyrkja Bragernes kyrkje.

Bragernes blei grunnlagt som ladestad underlagt kjøpstaden Christiania. I 1811 blei ladestaden slått saman med ladestaden Strømsø i Strømsgodset til kjøpstaden Drammen.[1] Bragernes blei dermed ein bydel i Drammen.

Opphavet til namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet stammar frå garden Brakar som forsvann rundt 1600. På denne staden blei Bragernes kyrkje bygd for gardane på nordsida av Drammenselva. Bragernes var før reformasjonen på 1500-talet eit len som omfatta Lier, Røyken og Hurum. Lenet blei så omgjort til Bragernes fogderi under Akershus len. Bragernes prosti omfatta i tillegg til dei nemnde kommunane også Modum, Sigdal, Sande, Asker og Oslo.

I 1715 fekk Bragernes bydistrikt kjøpstadsprivilegium, og denne kjøpstaden gav namn til bydelen Bragernes som no ligg i Drammen. Namnet blei tidlegare uttalt «Branes».

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Tyrihanskiosk» på Bragernes torg.

Det har vore busetnad i Bragernes sidan mellomalderen, men det var først då tømmerhandel og -eksport tok av på 1500-talet at Bragernes utvikla seg til å bli ein by. På Bragernes utvikla det seg ein kjøpmannsstand og ein handverkarstand.

Den første kyrkja kom i 1628 og stod på noverande Gamle Kyrkjeplass. Dette var ei annekskyrkje til Frogner hovudkyrkje i Lier. Soknepresten flytta til Bragernes i 1655 og i 1723 bli den dåverande byen, nord for elva, eit eige prestegjeld.

I 1813 blei det bygd ei bru over elva frå Bragernes til Strømsø. To år før hadde dei to byane blitt slått saman til éin by, der Bragernes var sentrumet i byen.

I 1866 opplevde Bragernes ein bybrann der 388 eigedomar brann ned i tillegg til Bragernes kyrkje.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Fakta om Drammen Arkivert 2012-05-04 ved Wayback Machine. frå Drammen kommune (lese 3. mars 2012)
  2. Drammen: Den nye byen etter brannen i 1866 av Einar Sørensen