Brain Damage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brain Damage
Song av Pink Floyd
frå albumet The Dark Side of the Moon
Språk engelsk
Utgjeve 17. mars 1973
Innspelt Juni 1972-januar 1973
Sjanger Progressiv rock
Lengd 3:50
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters

«Brain Damage» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er skriven og sungen av Roger Waters, og er den einaste songen Waters faktisk syng på albumet, sjølv om han skreiv alle tekstane. Etter Waters gjekk frå bandet tok David Gilmour vokalistrolla på songen.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen går forholdsvis langsam, og er bygd opp av vers og refreng. Sjølv om songen heiter «Brain Damage» er det mange som kallar han «Dark Side of the Moon» fordi denne tekstlinja vert nemnd i refrenget. Songen glir rett over i «Eclipse», og desse vert ofte spelte i lag på radio.

Tema[endre | endre wikiteksten]

And if the cloud bursts, thunder in your ear
You shout and no one seems to hear.
And if the band you're in starts playing different tunes
I'll see you on the dark side of the moon.

Roger Waters (1973)

Roger Waters har sagt at det galskapsbaserte temaet i teksten er basert på Syd Barrett, tidlegare frontfigur i Pink Floyd. Linja «I’ll see you on the dark side of the moon» indikerer at Waters kjende noko av det same som Barrett i form av mentale særeigenskapar. Linja «And if the band you're in starts playing different tunes...» referer til episodar på slutten av Barrett si tid med bandet, då han fleire gongar spelte noko heilt anna enn resten av bandet under konsertar. Songen opnar med ei ganske vidkjent tekstlinje: «The lunatic is on the grass...» Teksten mot slutten av songen referer til lobotomi.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Ei konsertutgåve av songen vart gjeven ut på P*U*L*S*E, og er her sungen av David Gilmour.
  • In the Flesh: Live, eit konsertalbum av Waters, innneheld ein versjon av songen i lag med «Eclipse»
  • Ein alternativ versjon av songen med ein annan lydmiks vart gjeve ut på samlealbumet Works.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]