Brakteat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gullbrakteat (DR 42) funne på Fyn i Danmark. Runeteksten er delvis uforståeleg, men inneheld namnet Den høge (eit namn for Odin) og omgrepet ALU, som ein reknar med tyder øl. Ordet kan difor ha å gjere med ølet som heilag og verknadsfull drykk i kultisk samanhang.
Gullbrakteat frå Sverige med svastika og runeinnskrifta ALU
Myntbrakteat utgjeve i Noreg under kong Olav Magnusson.

Brakteat eller gullbrakteat, av latin bractea, som tyder «tynn plate», er den arkeologiske nemninga på ein lita sirkulær, tynn gullplate som er prega med eit einsidig bilete i relieff og utstyrt med ein opphengsring for å kunne berast i ein kjede eller liknande.

Det er funne meir enn 970 brakteatar, tidfesta til tidsrommet 450 – 550 e.Kr., og av desse stammar to tredelar frå Norden. Nemninga «gullbrakteat» eller «brakteat» om denne gruppa av funn skriv seg frå 1694.

Brakteat er òg nemninga på dei myntane frå mellomalderen som berre var prega på den eine sida, ofte framstilt i sylv.

Dei nordiske og germanske førkristne gullbrakteatane[endre | endre wikiteksten]

Til liks med dei tommelfingerneglstore gullblekkbileta som vert kalla gullgubbar, er brakteatbileta særs små. Dei kan syne heilt geometriske figurar, eller meir «naturalistiske» bilete av til dømes menneskeliknande vesen på ryggen av hesteliknande vesen, ofte som ein samansett figur, og vanlegvis med dyr, fuglar og geometriske teikn ikring. Brakteaten kan dessutan vere utstyrt med meir eller mindre skjønlege innskrifter i runer eller latinske bokstavar, eller med teikn som kan sjå ut som latinske bokstavar. Etterlikningar av romerske myntar og medaljongar som er funne, tyder på at slike romerske framstillingar har lagt kimen til brakteatframstillinga. Men det romerske meiningsinnhaldet vart ikkje kopiert, for etter stutt tid fekk brakteatane eit fullt ut germansk uttrykk. Ein reknar difor med at figurane og scenene på brakteatane har med nordiske og germanske førkristne guddommar og mytologi å gjere. Fleire freistnader er gjort på å tolke dei ulike motiva.

Tradisjonelt har gullbrakteatane vore gruppert på ulik vis, til dømes som i A-, B-, C,- og D-brakteatar etter kva som er hovudmotivet på dei, der dei som har som hovudmotiv eit stort, menneskeliknande hovud i profil vert rubrisert som A-brakteatar, medan B-brakteatar er slike som syner ein eller fleire menneskeliknande figurar i heilfigur, og C-brakteatar syner eit menneskeliknande hovud i profil over ryggen på ein hesteliknande figur i profil osb. Men då fleire av brakteatgruppene har vore til stades i det same funnet i fleire høve, må alle typane har vore i bruk samstundes, så gruppeinndelinga speglar ikkje av nokon kronologisk utvikling.

Myntbrakteatar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart det laga myntbrakteater i perioden frå 1110 til 1552, med kong Olav Magnusson som den fyrste og erkebiskop i Nidaros, Erik Walkendorf, som den siste av utmyntarane. Dei danske (danske og norske) kongane Erik av Pommern, Frederik I, Christian III og Christian IV gav òg ut myntbrakteatar. Desse myntane var så tynne at ein kunne sjå preget i negativ på baksida.

Brakteatmynten som vart prega på 1200-talet var verd 1/4 penning. Kong Sverre fekk prega store mengder brakteatar, og dette er dei lettaste myntane som er prega i Noreg, med vekter ned til 0,06 gram. I Noreg vart dei siste brakteatane prega i perioden 1510-22 under erkebiskop Erik Valkendorf.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

(

)