Brandal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brandal
Brandal sett frå Sulafjorden
Brandal sett frå Sulafjorden
Geografi
Kommune Hareid
Fylke Møre og Romsdal
Folkemengd[1] 348 (2012)
Folketettleik 892,3 /km²
Areal[1] 0,39 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer Fv37
Kart
Brandal is located in Møre og Romsdal
62°24′02″N 06°00′29″EKoordinatar: 62°24′02″N 06°00′29″E

Brandal er ein tettstad i Hareid kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på vestsida av Sulafjorden og på austsida av øya Hareidlandet, like nord for sjølve Hareid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Brandal har ei lang historie innan selfangst. I 1898 gjekk dei første skutene til Nordishavet. Far og son Severin og Peter Brandal var skipper på kvar si skøyte som vart forsterka til å gå i is. På vårparten i 1898 stemnde dei ut Breisundet med «Minna» av Brandal og «Nils Liaaen» av Ålesund. Dei hadde også lag med «Sleipner» av Ålesund med skipper Jonas Fuglevik. Dette var starten på ein ny næringsveg for Sunnmøre og Vestlandet. Brandal vart etterkvart eit senter for all selfangst og polare ekspedisjonar frå heile Vestlandet. Her vart det bygd mottaksannlegg i land for både selprodukt og sildeolje. Fram mot siste verdskrig voks det fram eit miljø i denne vesle bygda som var eineståande for heile landet. Det var ikkje berre pelsskinn og selspekk dei tok med seg heim, men dei fanga og levande isbjørn og moskus som dei leverte til dyrehagar rundt om i Europa. Dei hadde moskusar gåande på beite oppe på fjellet, isbjørn i bur på sjøbuene og jamvel ha kvalross symjande under sjøbugolva i påvente av sal.

Brandal var heimehamn for til saman 47 ishavsskuter frå starten i 1898 og fram til siste fangsttur i 1998. I tillegg kjem skuter frå Hareid og Hjørungavåg, så til saman hadde Hareid kommune 57 ishavsskuter. Alle desse er i dag vekk. Berre to skuter er tekne vare på i regionen: «Aarvak» frå 1912 som er sett på land ved sidan av ishavsmuseet Aarvak, og «Polarstar» den første selfangaren bygd i stål i 1948. Ein 100 år gamal næringsveg er i dag borte. Dei to mottaksanlegga er nedlagde.

17. mai 1941 kom dei første tyske soldatane til Brandal, ein tysk løytnant med 22 mann. Tre dagar seinare, den 20. mai kom 64 mann med fullt utstyr. 23. mai kom 4 kanoner og 22 artilleristar, 18. juli kom 50 infanteristar frå Roald. I august kom to norske entreprenørar med det mål å byggje ei festning på Kvitneset, desse var Bernard Olsvik og Erlend Hurlen. 7 august byrja bygginga. 27 juni 1942 kom dei første russiske fangane til Kvitneset, 30 stk. I januar 1943 var fangetalet oppe i 105, men i gjennomsnitt var der ca. 60. På det meste var der om lag 500 tyske soldatar på Kvitneset i løpet av krigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.