Brandangersundet bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brandangersundet bru
Typevegbru
StadGulen (Vestland)
Opna4. november 2010
StrekningFylkesveg 5582
Lengd285 meter
Høgd30 m
Fri høgd18 m
Største spenn220 m
KryssarBrandangersundet
Utformingnettverksbogebru
TransportererFylkesveg 4 i Sogn og Fjordane
Kart
Brandangersundet bru
60°53′54″N 5°01′29″E / 60.89833333°N 5.02472222°E / 60.89833333; 5.02472222

Brandangersundet bru er ei nettverksbogebrufylkesveg 4 i Gulen kommune i Vestland. Brua går over Brandangersundet.

Brua knyter saman Sandøy med resten av fastlandet i Gulen og saman med bruene Nappsundbrua, Mjømnesundbrua og Mjåsundbrua gjev ho fastlandssamband til øyene Mjømna og Byrknesøy. Brua over Brandangersundet har eitt hovudspenn på 220 m og ei totallengd på 285 m. Dette er den lengste nettverksbogebrua i Noreg og samstundes den til no smalaste i verda.[treng kjelde] Ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik mista stoppet i Skipavik og trafikekrer berre strekninga Leirvåg-Sløvåg etter opninga av brua.[1][2][3]

Planlegging og bygging[endre | endre wikiteksten]

Brua er prosjektert av Aas-Jakobsen AS. Planlegginga av brua vart mykje meir omfattande enn fyrst tenkt og byggestart på brua vart utsett fleire gonger. I mars 2009 var anbodet lyst ut med frist 18. mai 2009.[1] I juli 2009 vart det underteikna kontrakt med Skanska om bygging av brua.[2] Brua vart bygd på land i Sløvåg og så lyft på plass av to kranbåtar 3. september 2010. For å få gjennomført lyftet og transporten til Brandangersundet måtte ei høgspentlinje som forsyner Mongstad-raffineriet med straum mellombels demonterast. Dette vart gjort i samband med produksjonsstopp på raffineriet i september 2010.[3] 4. november 2010 vart Fylkesveg 4 i Sogn og Fjordane, Sløvåg-Ånneland, offisielt opna.

Andre nettverksbogebruer i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Til no finst det berre to til nettverksbogebruer i Noreg. Dei vart begge opna i 1963.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på «Brandangersundet bro» henta frå Wikipedia på bokmål. Der vart desse kjeldene gjevne:
  1. 1,0 1,1 Endelig: Brandangersundet bru er utlyst[daud lenkje] - Våre Veger - Besøkt 18. april 2010
  2. 2,0 2,1 Brandangersundet bru til Skanska - Teknisk Ukeblad - Besøkt 18. april 2010
  3. 3,0 3,1 Bru over Brandangersundet[daud lenkje] Statens Vegvesen - besøkt 18. april 2010