Branko Tsrvenkovski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Branko Tsrvenkovski
Бранко Црвенковски

Fødd12. oktober 1962 (61 år)
Sarajevo
Statsborgar avNord-Makedonia
Yrkepolitikar
Utdanna vedSt. Kyrill og St. Method-universitetet i Skopje
VervStatsminister i Makedonia 1992-1998
FøregangarNikola Kljusev
EtterfylgjarLjubtsjo Georgievski
VervStatsminister i Makedonia 2002-2004
FøregangarLjubtsjo Georgievski
EtterfylgjarRadmila Sjekjerinska
VervPresident i Makedonia 2004-2009
FøregangarBoris Trajkovski
EtterfylgjarGjorge Ivanov
Alle verv
  • Nord-Makedonias statsminister (2002–2004)
  • Nord-Makedonias president (2004–2009)
  • member of the Assembly of the Republic of North Macedonia
  • member of the Assembly of the Republic of North Macedonia Sjå dette på Wikidata

Branko Tsrvenkovski (fødd 12. oktober 1962), er ein makedonsk politikar og var president i Makedonia frå 2004 til 2009. Han har òg vore statsminister i Makedonia i to periodar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tsrvenkovski var fødd i Sarajevo i dåverande Jugoslavia. Han studerte ingeniørfag ved universitetet i Skopje fram til 1986. I 1990 vart han vald til parlamentet i den makedonske delrepublikken i dei første frie vala i Jugoslavia. I 1991 vart han leiar for Makedonias Sosialdemokratiske Union (Sotsijaldemokratski Sojuz na Makedonija (SDSM)), etterfylgjarpartiet til kommunistpartiet i Makedonia. 5. september 1992 vart han Makedonia sin første statsminister etter lausrivinga frå Jugoslavia. Han sat som statsminister fram til 1998 og igjen frå 2002 til 2004.

14. og 28. april 2004 vart han vald til president med 42,5 % og 60,6 % av røystene i første og andre valomgang. Valoppslutninga var berre 53,8 %, dersom oppslutninga hadde vore lågare enn 50 % ville valet ha blitt annullert. Han vart innsett som president 12. mai 2004 og gjekk då av som statsminister. Som president var rolla hans stort sett seremoniell.

Tsrvenkovski stilte ikkje til attval ved presidentvalet i mars 2009. Han gjekk av som president 12. mai 2009.