Brannen i Grue kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brannen i Grue kyrkje 26. mai 1822 kravde 113 menneskeliv, og er den største brannkatastofen i norsk historie.

Den gamle Grue kyrkje stod ved Skulstad, nordvest for Kirkenær i Solør. Den eldste delen av kyrkja var frå 1200-talet og bygd i stavteknikk. Omkring 1600 vart kyrkja påbygd med to lafta sidefløyer og eit høgt sentraltårn. Over midtskipet og dei to sideskipa var det breie galleri, slik at kyrkja i alt kunne romme 600-700 menneske.

Det var inngangsdører på alle tre skip; desse slo innover, og stengde samstundes i open stilling trappa til galleria. Vindaugene med blyinnfatta glas var plassert høgt oppe på veggen og var forsynte med jarngitter utvendig. Utvendig var kyrkja tjørebreidd. Det er gjord overslag som viser at kyrkja i tidsrommet 1600 til 1822 i alt var vorte innsett med 17 tonn tjøre.

1. pinsedag var kyrkja fylt til siste plass. Det var ein klar og varm føresommarsdag. Midt under preika til sokneprest Iver Hesselberg byrja det å brenne i ytterveggen på sørskipet, og brannen slo raskt inn. I løpet av 10-15 minutt var kyrkja heilt overtend og brann snøgt ned til grunnen.

Evakueringa vart vanskeleg av måten dørene var konstruert på, og det kom snart til panikk inne i kyrkja og alle kjempa mot alle for å kome seg ut. Det offisielle talet på omkomne er 113, men tala 116 og 117 vert også nemnde. Sju av dei som brann inne var vaksne menn, resten var kvinner og born. Minst 45 av dei omkomne var born under 16 år. Mange vart fanga i trappene ned frå galleria, der dei ugifte kvinnene hadde for vane å sitje. Dei som var komne seg ut, freista å halde dørene opne, men dette vart gjort vanskeleg av presset mot dørene innanfrå og den sterke varmen. Nokre berga seg ut gjennom vindauga, mellom dei sokneprest Hesselberg. Mange av dei overlevande hadde svære forbrenningar. Berre ein av dei omkomne lèt seg identifisere - fut Dines Guldberg Høegh - ved hjelp av sabelen og uniformsknappane. Sabelen er i dag utstilt i sakristiet i Grue kyrkje.

1. juni vart ofra gravlagde i fem kister (fut Høegh i eiga kiste) på branntufta.

Årsaka til brannen vart aldri funnen. Ein teori er at ein gneiste frå eit fyrfat som kyrkjetenaren henta glør i på nabogarden til å tenne altarljosa med, kunne ha tent veggen. Ein annan versjon var at ein person skulle ha eksperimentert med eit brennglas utanfor kyrkja.

På plassen framfor den nye kyrkja vart det i 1922 reist ein bauta til minne om dei som omkom i brannen. Den nye Grue kyrkje, i Kirkenær sentrum, stod ferdig i 1828. Våren 2005 vart det reist ei informasjonstavle ved Skulstad, rett sør for der den gamle kyrkja stod. Der er det kopi av gamalt og nytt kart som viser korleis elvelaupet var før og er i dag, og ein del informasjon om kyrkja og kor ho stod. Kyrkjetufta ligg i dag midt ute i Glåma.

Denne brannen førte til at det kom ei lov om at alle dører i offentlege bygg skulle slå utover.

Katastrofen er kunstnarisk og filosofisk skildra av Peter Wessel Zapffe i romanen Lyksalig pinsefest.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]