Brasiland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brasiland

Status i verda: LC Livskraftig

Brasilender Foto: Raimond Spekking
Brasilender
Foto: Raimond Spekking

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Amazonetta
Art: A. brasiliensis
Vitskapleg namn
Amazonetta brasiliensis
Brasiland
Namn på andre språk
Svensk Brasiliansk and
Engelsk Brazilian Duck, Brazilian Teal
Tysk Amazonasente
Fransk Canard amazonette
Spansk Pato brasilero, pato brasileño, pato cutirí, pato ala verde
Russisk Brazilskij tsjirok (Бразильский чирок)

Brasiland, Amazonetta brasiliensis, er ei and frå Sør-Amerika, den einaste arten innan slekta Amazonetta. Endene lever i den austre delen av Sør-Amerika, frå Uruguay til det nordlege Argentina, men dei fleste held til i det nordlege og sentrale Brasil.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fargen på brasilendene er lysebrun. Andrikkane skil seg frå hoendene ved at dei har raude nebb og føter, og ein lysegrå flekk på sida av halsen og hovudet. Hoene sine fargar er meir avdempa.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Endene lever i par og smågrupper på opptil tjue fuglar. Begge foreldra passar ungane. Vaksne ender et insekt, røter, frukter og frø, medan andungane berre et insekt. Dei føretrekk å bu i eit vatn omgitt av tett plantevekst

Kjelder[endre | endre wikiteksten]