Brasilstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Brasilstraumen er ein havstraum med varmt vatn som renn sørover langs sørkysten av Brasil til munningen av Río de la Plata. Straumen vert skapt av ei grein av sørekvatorstraumen i Sør-Atlanteren, der denne straumen møter Sør-Amerika ved Cabo São Roque (ca 7 ºS). Han er ein vestleg grensestraumen som Golfstraumen og er på mange måtar den sørlege motparten, men er langt grunnare og svakare. Han renn sørover frå ekvator til vestavindsbeltet der han møter Falklandstraumen (35–40 °S) og bøyer av austover.

Straumen fører relativt varmt og salt vatn, og har straumstyrker på 1–2 knop (50–100 cm/s).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]