Bratislavský lesný park

Koordinatar: 48°12′19″N 17°05′35″E / 48.20528°N 17.09306°E / 48.20528; 17.09306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein stolheis til Koliba frå byen med Kamzík TV-tårn i bakgrunnen

Bratislavský lesný park eller Bratislava skogspark er ein «skogspark» (i røynda ein skog) i Bratislava i Slovakia, ved foten av Dei vesle Karpatane. Parken vert styrt av Bratislava Byskogar, ein ideell organisasjon.

Parken dekkjer eit område på 27,3 km² og 96 % av parken er dekt av skog. I parken finst naturleg plante- og dyreliv som snok, steinkreps, grevling, raudrev, mufflon, naverlønn og hyllebær. Elva Vydrica spring ut frå parken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

48°12′19″N 17°05′35″E / 48.20528°N 17.09306°E / 48.20528; 17.09306