Brattjerfjorden

Koordinatar: 64°17′12.952″N 10°26′44.142″E / 64.28693111°N 10.44559500°E / 64.28693111; 10.44559500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brattjerfjorden er ein fjord i Osen kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 2 km sørover til Setran i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Staurneset i vest og Straumholet i aust. Garden Brattjer, som fjorden er kalla opp etter, ligg på vestsida av fjorden. Riksveg 715 kryssar fjorden ved Brattjer. Ei bru går over til Storholmen midt i fjorden, og frå her går det ei vegfylling aust til fastlandet.

Aust for Straumholet, eit smalt sund, ligg bukta Osen og tettstaden og kommunesenteret Osen.



64°17′12.952″N 10°26′44.142″E / 64.28693111°N 10.44559500°E / 64.28693111; 10.44559500