Braunau am Inn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Braunau am Inn
Sentrum av Braunau am Inn
Sentrum av Braunau am Inn
Byvåpenet til Braunau am Inn
Byvåpenet til Braunau am Inn
Styresmakter
Land
Delstad
Flag of Austria.svg Austerrike
Oberösterreich
Først nemnd
Bystatus
rundt 810
1260
Borgarmeister Johannes Waidbacher
Geografi
Flatevidd
 - By

24,8 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

17 333
  699/km²
Koordinatar 48°15′″N 13°02′″EKoordinatar: 48°15′″N 13°02′″E
Høgd over havet 351 m
Diverse anna
Postnummer 5280
Telefon-retningsnummer 07722
Bilnummer BR
Nettstad: www.braunau.at
Plassering
Braunau am Inn is located in Austerrike

Braunau am Inn er ein by i regionen Innviertel i Oberösterreich nordvest i Austerrike. Han ligg om lag 90 km vest for Linz og om lag 60 km nord for Salzburg ved grensa til Bayern i Tyskland. Byen har om lag 17 000 innbyggjarar og ligg ved elva Inn. På andre sida av elva ligg den bayerske motparten Simbach am Inn, som han er knytt til via bruer over elva. Braunau am Inn er kanskje mest kjend som fødestaden til Adolf Hitler.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sentrum av Braunau am Inn

Byen vart først nemnd rundt 810 og fekk bystatus i 1260, noko som gjern han til ein av dei eldste byane i Austerrike. Han vart ei viktig festning i området og ein knutepunkt for fleire handelsruter som dreiv salthandel med skipstrafikk på Inn.

Byen har gjennom historia skifta eigar fire gonger. Han høyrde til Bayern fram til 1779 og vart ein austerriksk by etter Teschen-traktaten, som avgjorde den bayerske arvefølgjekrigen. Som ein stor by i Bayern spelte han ei viktig rolle i det bayerske opprøret mot den austerrikske okkupasjonen under den spanske arvefølgjekrigen, då han var vertsby for Braunau-parlamentet, eit provisiorsk bayersk parlament i 1705 leia av Georg Sebastian Plinganser (1680-1738). Etter Pressburg-traktaten vart Braunau ein del av Bayern igjen i 1809. I 1816 etter omorganiseringa av Europa etter Napoleonskrigane, avstod Bayern byen til Austerrike, mot at dei fekk Aschaffenburg tilbake. Braunau har sidan den gong vore ein austerriksk by.

Braunau har ei flott kyrkje frå 1400-talet med ei 99 meter høgt spir, det tredje høgaste i Austerrike. Vernehelgenen er St. Stefan. Restane etter ei borg husar eit museum, og delar av dei tidlegare bymurane er framleis synleg.

Adolf Hitler vart fødd i Braunau den 20. april 1889, men han og familien flytta til Linz i 1894. Utanfor bygningen der han vart fødd står eit minnesmerke over offera som dyødde under den andre verdskrigen. Steinen er av granitt frå Mauthausen konsentrasjonsleir og seier: Für Frieden, Freiheit und Demokratie. Nie wieder Faschismus. Millionen Tote mahnen, eller «For fred, fridom og demokrati, aldri meir fascisme, millionar av døde formaningar.»

I 1938 vart Ranshofen, som då hadde eit av dei største aluminiumsverka i Austerrike, annektert til Braunau. I 1948 hadde Braunau 11 744 innbyggjarar.

Braunau ar i dag mange industria, mellom anna produksjon av elektronikk, metall (AMAG), trearbeid og glas. Byen har òg det største aluminiumsverket i Austerrike.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Braunau am Inn