Braunschweig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Braunschweig
Braunschweig rundt år 1900
Braunschweig rundt år 1900
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Braunschweig
Braunschweig is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

192,13 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

240 171
  1 250/km²
Koordinatar 52°16′0″N 10°31′0″EKoordinatar: 52°16′0″N 10°31′0″E
Høgd over havet 267-523 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 38100–38126
Telefon-retningsnummer 0531, 05307, 05309
Bilnummer BS
Heimeside: www.braunschweig.de

Braunschweig er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 240 000 innbyggjarar. Byen ligg nord for fjella Harz så langt opp i elva Oker som ho er framkommeleg. Elva knyter byen til Nordsjøen via elvane Aller og Weser.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til byen er ukjend, men ein meiner at byen vart danna av to busetnadar som vart slått saman. Den eine vart grunnlagd av Bruno II, ein saksisk greve som døydde før 1017, på den eine side av Oker. Den andre busetnaden vart grunnlagd av grev Dankward, som slottet Dankwarderode er kalla opp etter. Det opphavlege namnet på byen var Brunswik ein kombinasjon av namnet Bruno og wik, ein stad der kjøpmenn tok seg ein kvil og lagra varene sine. Namnet indikerer derfor ein ideell kvileplass, sidan han låg ved ein vadestad over Oker. Dokument frå kyrkja St. Magni frå 1031 oppgav namnet på byen som Brunesguik. Ei anna forklaring på namnet er at det oppstod frå Brand, eller brenning, som indikerer ein stad der landskapet vart rydda etter ein brann.

Dankwarderode Slott

1100-talet gjorde hertug Henrik Løve Braunschweig til hovudstad i staten sin og bygde Braunschweig domkyrkje. Han vart så mektig at han torde å nekte og hjelpe Fredrik Barbarossa militært, noko som førte til at han vart fordømd og mista makta.

Braunschweig vart ein hansaby frå 1200-talet til midten av 1600-talet. På 1700-talet var Braunschweig både eit politisk og kulturelt senter. Emilia Galotti frå Lessing og Goethe sin Faust vart framført for første gong i Braunschweig.

Det meste av tida var Braunschweig residens for eit hertugdøme med same namn (Herzogtum Braunschweig), som var ein del av Det tyske riket sidan 1871. Etter den første verdskrigen fekk han status som Freistaat Braunschweig i Weimarrepublikken. Etter den andre verdskrigen vart staten Braunschweig løyst opp og ein del av den nye delstaten Niedersachsen.

Domkyrkja i Brunswick med løvestatue.

Under den andre verdskrigen var byen ein del av militærdistriktet Wehkreis XI, og utsett for kraftige bombeåtak frå dei allierte. 15. oktober 1944 vart det meste av gamlebyen øydelagd, som var den største samlinga av bindingsverkshus i Tyskland, i tillegg til dei fleste kyrkjene. Berre domkyrkja, som av nazistane gjorde til nasjonalheilagdom, overlevde bombene.

Ein liten del av gamlebyen overlevde òg bombetokta. Store delar av det som vart øydelagd vart restaurert og bygd opp att etter krigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Braunschweig

Kjelde[endre | endre wikiteksten]